Mange fekk med seg tenning av julegrana på Vikevåg, laurdag. Foto: Rebecca Egeland.

RENNESØY:

Rundt 70 born og vaksne fekk med seg Kjell Aukrust sin klassikar Jul i Flåklypa. Med andre ord; alt som skal til komma for å komma i rette julestemning.,

- Grauten må ha vore god, for den forsvann på eit blunk, smiler Bjørg Vestbø, leiar i frivilligsentralen.

Saman med biblioteket og kommunedelsutvalet laga Vestbø og hennar medsamansvorne ei perfekt ramme rundt juleopninga.

Gjekk rundt juletre

Mange var nok spente på å sjå peparkakelandsbyen «Ein trivelig landsby» som borna i barnehagen og SFO har laga. Utstillinga står i bibmus i Kulturhuset fram til 11. desember då kåring av dei to beste innslaga skal skje.

- Det er mange kreative «bygningar» som skal kjempa om å bli best. Eg oppmodar alle interesserte til ta seg ein tur innom kulturhuset , studera byggverka og avgi sin stemme, seier Vestbø.

Idet vintermørke la seg over Vikevåg sentrum ble dagen avslutta med gang rundt julegrana, akkompagnert av Rennesøy skulekorps og Gamlakorpset,