Bygdakokken Joakim Wiborg saman med leiar i frivilligsentralen Ragnhild Valand.

FINNØY:

Bygdakokken Joakim Wiborg og Ragnhild Valand frå Frivillgsentralen inviterer til jul for dei som ikkje feirer i kjernefamiliens lune rede.,

- Jula er ei tid for fellesskap og samvær, og ingen skal måtte sitta einsame på julaftan.

Det seier Joakim Wiborg som har opna heimen sin på julaftan fleire gonger.

- Eg har sjølv vore i ein situasjon der eg har vore åleine på julaftan. I 2012 sat eg på ein liten hybel i ein framand by, det var ikkje kjekt. Der og då bestemte eg meg for at når eg får min eigen heim, skal eg invitera folk som ikkje har sine eigne rundt seg. Og slik blei det, seier Wiborg.

- Alle skal få ein stad å vera i jula

I år har han teke konseptet eit steg lenger og gått i kompaniskap med leiar i frivilligsentralen, Ragnhild Valand. Snart går dei to ut og inviterer til julefeiring på innbyggartorget.

- Eg var aldri i tvil då Joakim presenterte tankane sine. Eg kan ikkje tenke meg kva som skulle passa betre inn i frivilligheit-ånda enn dette prosjektet, seier Valand.

Det er plass til alle som vil komma på innbyggartorget, men mellom 30 og 50 personar vil vera ideelt.

- Det har noko med fasilitetane her å gjera, men det er uansett plass til alle. Me kjem ikkje til å sei nei til nokon så sant det går an å få det til her. Alle skal få ein stad å vera i jula, seier Valand.

Alt som høyrer jula til

Tidlegare år har det stort sett vore eldre og einslege som har feira jul hjå Joakim.

- Slik vil det sikkert bli i år også, sjølv om det hadde vore kjekt med barnefamiliar også. Dette skal blei ein ei heilt vanleg julefeiring for heilt vanlege folk. Det vil bli servert tradisjonell julemiddag med riskrem, kaker og frukt. Rommet her blir julepynta, me skal ha eit flott juletre, julesongar og kanskje litt underhaldning. Kjem det born planlegg me å ha eit eige rom med julefilmar og leiker. Til og med ein pakke under treet til kvar gjest er målet, for ingen må ta med seg pakkar heimanfrå. Med andre ord: Alt som høyrer jula til. Dette er ikkje ei stakkarsleg greie. Her er det berre å gleda seg. Me skal laga god julestemning og ha det kjekt saman, og det er eit felles ansvar alle gjestene har. Det einaste me ikkje kan varta opp med er fyr på peisen, ler Joakim.

- Snakkar me om eit gratisarrangement?

- Det veit me ikkje sikkert ennå, men målet er å få det så billeg som mogleg. Det hadde vore fint med litt sponsormidlar, difor planlegg me eit lite besøk til lokalt næringsliv om ikkje så lenge, smiler Ragnhild.

Ønskjer du å feira jul på innbyggartorget kan du ta kontakt med Ragnhild Valand på frvilligsentralen eller på mail til Joakim; bygdakokken@outlook.com