Sjølv om det resultatmessig har variert veldig i dei fire kampane som er avvikla, er likevel assistenttrenar Guttormsen tilfreds med situasjonen, no halvannan månad før seriestart. Det trass i berre ein siger og tre tap i dei fire treningskampane fram til no. No seinast mot Brusand heime på Leikvoll, der laget måtte tole eit 1-3 tap mot laget lengst sør på Jæren.,-Me legg eigentleg ikkje så mykje i desse resultata, sjølv om det jo alltid er kjekt å vinna fotballkamapar. Situasjonen er slik at me har ein veldig stor spelarstall og har difor rullert veldig mykje på laget, slik at alle som har møtt på treningane har fått vist seg fram. Det er det som har vore utgangspunktet og hovudfokuset rundt desse kampane, presiserer Sturle. -Eg vil likevel karakterisera situasjonen per i dag som betre enn i fjor, all den tid me har hatt eit godt treningsoppmøte og i tillegg har ein større spelarstall enn kanskje nokon gong før, understrekar han.,-Difor kjem truleg Finnøy også til å melda på eit 7-ar lag i divisjonssystemet for å gi alle eit bra kamptilbod.,

Tøff satsing hjå rivalen på strandalandet

Etter fleire år i 4. divisjon, måtte "dei gamle rivalane" til Finnøy frå Tau og strandalandet, Midtbygdene IL (MIL), ta turen ned i den same 5.divisjons-pulja til årets fotballsesong. I desse dagar står det også å lesa i lokalavisa Strandbuen, at klubben satsar meir enn nokon gong før. Det er nemleg tilsett både dagleg leiar og ein eigen prosjektleiar.Dei skal ha som hovudoppgåve å vera eit bindeledd mellom eliteserieklubben Viking og MIL, når det gjeld å utvikla lokale talentar.

"Ei tøff og verkeleg ambisiøs satsing for eit lag på nivå seks og i lågare divisjonar", skriv avisa på leiarplass.

Så står det att å sjå kva som vil skje ute på fotballbanen og kunstgrasmatta på Leikvoll, når dei to gamle rivalane i ryfylkefotballen igjen møtes til dyst den 18. mai.