Tor Bjarne Flesjå driv gardsbutikken på Nærland.

Gardsbutikken på Nærland har vore der i fleire år, men nå blir det ein ny giv. Laurdag kan Tor Bjarne og Kirsten Flesjå ynskja velkommen i heilt nye lokaler.,

-Me har investert eit par millionar kroner, og fått god hjelp frå Inovasjon Norge. Dei har støtta oss med 350.000 kroner, opplyser Tor Bjarne Flesjå til Øyposten.

Inne i gardsbutikken skal hyllene fyllast opp av frukt og grønt og husflidsartiklar, i størst mulig grad frå nærmiljøet. Det blir sal av egg frå garden, tomater frå Lauvsnes, eplesaft frå Helgøy og honning frå Sjernarøyane.  Frå Nord-Hidle har dei fått sauseskinn for salg, og Finnøy Ullgård stiller med diverse produkter laga av ull frå garden til ekteparet på Nærland.

Kvar fredag vil det vera duft av nysteikte brød som Ryfylkekokken Frode Selvaag stiller med.

Han vil også baka til åpningsdagen på laurdag.

Gardsbutikken på Nærland har hatt ei fin utvikling, sidan den forsiktige oppstarten for nokre år sidan.

-Me ligg godt plassert rett ved vegen, og spesielt i forbindelse med helgene er det mange hyttefolk som stoppar her, seier Flesjå.

I tillegg til gardsbutikken, vil det i andre etasje også bli utleige av selskapslokale til 50-60 personar. Her blir det kjøkken, inngang via låvebru og praktfull utsikt over Nådåsundet. Etter planen skal lokalet vera ferdig i løpet av månaden.

Tor Bjarne Flesjå har også samarbeid med Alpha begravelsesbyrå på Madla, og vil i den forbindelse ha utstilling av gravmonumenter på sikt i eit eige rom i nybygget.