I Rennesøy vert Austbøvegen til Dalakerveien,Godalen til Mehushagen,Mølleveien til Smidalen,Nygårdsveien til Golhaugveien og Vågedalsveien til Hegglandsveien.Det er ei eiga prosjektgruppe som har arbeidd med dette spørsmålet over ei viss tid,og det er dei lokale vegnemdene som i si tid vart oppretta som har kome med sine innstillingar basert på innspel også frå innbyggjarane i dei respektive kommunane.I saksframlegget kjem det fram at saka har vekt stort engasjement ute hjå innbyggjarane.Bakgrunnen for namneendringane er parallelle likskapsnamn i andre delar av den nye storkommunen.Både vegnemda i Finnøy og saksbehandlar innstilte på at Hauskjevegen skulle erstattast med Håråsvegnen,men repr. frå Finnøy fekk arbeidsutvalget med på å endra dette til Øvre Hauskjeveg.Både Kleiva og Vikekleiva,derimot, er gatenamn i Stavanger og Rennesøy, og må difor erstattast med nytt vegnamn i Finnøy. Dermed forsvinn altså både  Kleiva og Vikekleiva frå det offentlege vokabularet i den nye kommunen, og vegnamnet Vikekleiva blir erstatta med Utsynvegen.

Saka kjem opp til endeleg handsaming i møte i Fellesnemda den 15.oktober.

73 ny vegnamn

Finnøy kommune går no også vidare med å fastsetja nye vegnamn på dei andre øyane utanom fastlands-Finnøy(Talgje og Finnøy).73 vegnamn skal på plass på dei ikkje landfaste øyane.Den tidlegare vegnamnemda er supplert med fleire nye medlemer frå dei ikkje landfaste øyane, medan tidlegare medlemer har fått avløysing.Ny leiar i nemnda blir sjernarøybuen Jogeir Aarthun.Frå den tidlegare nemnda er det berre Kolbjørn Ladsten og Erling Bleie som blir med vidare i den nye nemnda.