Dette kan ramma Ryfylke sitt rutetilbod hardt. Kommunen har sendt eit høyringsforslag til grendalaga som no kjem med innspel til Kolumbus. Rogaland hadde totalt 198 millionar kroner i tilskot og får i framtida kutta det til 117 millionar.

Men kva er det som folket på øyane uroar seg mest over? Her viktigaste frå høvesvis Fogn og Talgje grendalag

Fogn:

Grendalaget er generelt uroa over eit rutebåttilbod som har blitt jamt dårlegare over tid. I høyringsutkastet uttrykker dei spesielt bekymring for pendlarbåten til byen om morgonen som forsvann no frå nyttår. Ei ruta som har eksistert i minst ein generasjon, og som er sjølve grunnlaget for at det er mogleg å bu på Fogn og arbeida i Stavanger-regionen. No er dei henviste til eit langt dårlegare alternativ.

Dersom skuleskyssen frå Fogn til Judaberg om morgonen og forsvinn, noko som kan bli aktuelt i denne prosessen, vil øya mista to av sine beste og mest brukte morgonruter. Denne ruta korresponderer innover i Ryfylke og til Stavanger.

-          Situasjonen er alvorleg med tanke på livet framover på Fogn, det er alvorleg med tanke på utvikling og vekst, for busetting og bukvalitet. Dette strir imot kommunen sin visjon og mål om bulyst i alle delar av kommunen, seier leiar Ole Klingsheim.

Talgje:

Talgje grendalag peikar i sin uttale på behovet for å behalda hurtigbåtane, saman med tunnel og vegforbinding, slik dei gjer i dag. Dette for å ha eit heilskapleg kommunikasjonstilbod til ein brei arbeidsmarknad i Stavanger-regionen og Strand Vidaregåande skule.

På grunn av mangelen på kollektive alternativ er folk avhengige av hurtigbåten for å komma seg på jobb og skule. Strekninga Talgje- Tau har ei reisetid  på rundt 10 minutt, og er difor ein naturleg del av arbeidsmarknaden for folk som bur på Talgje.

-          Dei siste åra har det vore stor tilflytting av barnefamiliar til Talgje. Det vil sei at det er ein stor vaksengenerasjon som har mange år igjen i arbeidslivet ,og ein oppveksande generasjon som om få år er i vidaregåande opplæring. Tau og Stavanger vil då vera aktuelle skulestader. Hurtigbåt er no det einaste kollektive alternativet for å komma seg av øya. Andre kollektive løysingar vil innebera ei forringing av tilbodet me har i dag, og det vil ta atskilleg lenger tid å komma seg til og frå skule og arbeid. Like ved hurtigbåtkaia er det regulert eit nytt stort bustadfelt, som ligg i nær tilknyting til leia langs sjøen. Mange fastbuande pa Talgje har arbeidsplassen sin i Stavanger eller på Nord-Jæren, og her er hurtigbåten det einaste reisetilbodet dersom ein ikkje nytter eigen bil, seier leiar Ingrid Eiane Setvik.