Skjulte opptak viser skrekkeksempel på handtering, kastrering og avliving av norske griser. Blant anne fekk me sjå kastrering av ein gris utan bedøving.,-

Har næringa eit frynsete rykte?

-

Nei, det tykkjer eg ikkje. Dokumentaren har sett heile griseindustrien i eit dårleg lys. Eg har vore i bransjen sidan 1997, og har etter kvart opparbeida meg eit visst kjennskap til det som skjer. Det vil diverre alltid finnast unntak, men det gjeld alle bransjar.,-

Kva tenker du om det som blei vist?

- Eg kjenner meg ikkje igjen i programmet. Eg tek sjølvsagt sterk avstand frå eit slikt dyrehald, det er heilt uakseptabelt, men eg trur likevel ikkje det er representativt for bransjen. Eg trur langt dei fleste bønder har eit godt forhold til dyra sine, anten det er griser sauer, eller storfe. God dyrevelferd og dyrehelse er grunnen til at Norge har den lågaste bruken av antibiotika i verda. Det betyr sjølvsagt ikkje at uønska hendingar ikkje skjer, ingen kan forsikra seg imot det. Men det store bilete er svært positivt. Dessutan trur eg ikkje at dei 13 svinebøndene som det blei vist til i dokumentaren, er tilfeldig plukka ut. Eg kjenner igjen framgangsmåten frå slik det blei gjort i pelsdyrnæringa for ei tid tilbake, seier Amdal.

,-

Betyr det at landbruket har blitt for romantisert?

- Kanskje det. Forbrukarane har mykje makt og pressar politikarane og dei store matvarekjedene. Me såg det seinast i saka om frittgåande høner der forbrukarane nektar å kjøpa egg ifrå høner i bur. Sjølv om dei såkalla frittgåande høner på ingen måte har det betre enn høner i miljøbur. Bøndene har det travelt og er pressa på pris frå butikkar og forbrukar, men det fritek dei sjølvsagt ikkje frå ansvar. Kvardagen i norske grisefjøs kan for uinnvigde synast litt stygg, sjølv om bonden driv heilt i tråd med regelverket. Mangel på kunnskap og andre og betre metodar gjer at visse ting ikkje ser så bra ut, og kan vekka visse reaksjonar.

,-

Korleis skal bransjen gjenreisa tilliten?

- Eg tenker me må halda trykket på dyrevelferd oppe, og gjer meir av dei same gode tinga me alltid gjer. For tida reiser Nortura rundt til alle svineprodusentane og sjekker korleis det ligg an i det enkelte fjøs, det er eit bra initiativ, seier Øyvind Amdal.

Oddbjørg M. Måland