Dette er godt nytt for svineprodusentane, som i lang tid har slite med svært dårleg økonomi i næringa på grunn av overproduksjon. Dei nye prognosene frå Nortura viser nemleg at det går mot ei underdekning på 800 tonn. Det er i sterk kontrast til tidlegare anslag frå november, som viste ein overdekning på 600 tonn.,

Framleis overskot på lam- og sauekjøt

Når det gjeld situasjonen for lam-og sauekjøt, derimot, så vert det opplyst frå marknadsregulator Nortura at situasjon er som før. Som tidlegare gjort kjent, så slit næringa her framleis med eit betydeleg overskot av sauekjøt i marknaden. Men ved årsskifte ligg det også heile 2900 tonn lammekjøt på reguleringslager.

Det er likevel godt nytt for dei mange sauebøndene på Ryfylkeøyane og Nye Stavanger, som no er blitt landets største sauekommune, at dei siste prognosane tyder på ein marknad for lammekjøt som vil koma i balanse i løpet av året.,I følgje slakterisamvirket Nortura, så reknar ein nemleg med ein viss auke i salet av lammekjøt, som igjen skal føra til at marknaden kjem i balanse. Det i sterk kontrast til situasjonen for sau, der etterspørselen etter sauekjøt framleis vil visa ein nedgåande tendens.