Dei pårørande Marianne Mjølhus, Margrethe Toft, og Jane Kirsten Cayeux er bekymra for kva det varsla driftskuttet vil bety for sjukeheimen.

No fryktar ordførar Henrik Halleland, KrF, at heile den omfattande utbygginga til 116 millionar kroner, skal bli ofra på «politikkens alter» av den nye fleirtalskoalisjonen i det nye kommunestyret i Stavanger s.,

-Det står INGEN TING om denne utbygginga i den politiske plattforma som fleirtalspartia har  framforhandla, seier Halleland i ein kommentar til Øyposten etter formannskapsmøte.

- I den framforhandla intensjonsavtalen som heile samanslåingsprosessen har sitt utgangspunkt i, er dette eit av dei viktigaste punkta for Finnøy kommune. Difor er eg veldig bekymra for kva som kan skje vidare i denne prosessen. Det i ein fleirtalskoalisjon der det også er svært mange nye politikarar som heller ikkje har vore med. Også det nye helsehuset i Vikevåg var ein viktig del av denne intensjonsavtalen. Det prosjektet er nøye omtala i den nye politiske plattforma, og det forstår eg veldig godt grunnen til når me ser på kva politisk innflytelse Senterpartiet har hatt i denne prosessen. Men dette uttalar eg som politikar i Finnøy, understrekar ordføraren.

,-

Sjukeheimen ligg jo inne i Finnøy kommune sitt budsjett og økonomiplan med full finansiering ved bruk av storparten av dei 48

millionar kroner det fekk frå Havbruksfondet. Akkurat det må vel forplikta?

-Akkurat det er eg ikkje så sikker på - nettopp med utgangspunkt i at det ikkje er nemnd med eit einaste ord i intensjonsavtalen, avsluttar Halleland.

Det er Stavanger Eigedom som har prosjektleiinga for den nye sjukeheimen. Leiar for byggeprosjekt, Rune Kommedal, kunne beroliga politikarane med at trass i at fire av ni prosjektleiarar i avdelinga hadde slutta og gått over i anna jobb, primært knyta til sjukehusutbygginga på Ullandhaug, hadde dei no fått tilsett nye folk i desse stillingane.

– Ein ny prosjektleiar for sjukeheimsutbygginga på Finnøy, vil ta fatt på dette arbeidet like over jul. Difor har me som mål å halda oss til dagens framtidsplan med sikte på ferdigstilling i 2023. Så det skal ikkje stå på oss, kunne Kommedal beroliga forsamlinga med.