Nok ein vellukka Boknadag

Fint vêr, god stemning og bra overskot er overskrifta etter Boknadagen sist laurdag.

Mykje folk og god stemning i finvêret på Boknadagen sist laurdag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

BOKN: I rundt 25 år har hyttefolk og fastbuande arrangert Boknadag. Inntektene frå arrangementet går til vedlikhald og oppgradering av Boknahuset som opphavleg er den gamle skulen på øya. I tillegg er dagen eit kjekt fellesprosjekt og møteplass for folk på øya.

I år var det også mange frå dei andre øyane som var med å feira dagen på Bokn. Blant anna er det observert folk frå Finnøy, Halsnøy, Fogn og strandalandet.

Frå Oslo i eins ærend

– Veit du at me har besøkande frå Oslo som kjem til Boknadagen kvart år, i eins ærend. Er ikkje det imponerande?, fortel Thor Egil Espeland, leiar i styret for Boknahuset.

Terje Huseby hadde god gang i grillen under heile arrangementet.

Rundt 45 gjekk den tradisjonelle Boknamarsjen som innleda arrangementet. Etterpå var det ulike aktivitetar for store og små, og ikkje minst basaren som er eit av høgdepunkta. Basaren har opp gjennom åra blitt kjent for dei flotte gevinstane. I år fekk heldige vinnarar blant anna villsauskinn, reinsdyrskinn og redningsvenstar.

Som vanleg var det sal av sild, hamburgarar, pølser øl og vin.