Huldra budde i Hollahola på Ombo

Statens Kartverk har vraka det eksotiske namnet Hollahola på Ombo som stadnamn. I staden vil dei ha det meir offisiøse namnet Huldrahusa.

Huldras nymfer, maleri av  H. A. Guerbers, Myths of the Norsemen from the Eddas and Saga.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

OMBO: Her skal Huldra ha budd i ei ur, og dermed gitt navn til staden som på dialekt i dag kanskje ville heit noko slik som Huldrehålå.,

Kartverket har ei grundig utgreiing om saka, og koma fram til at Hollahola blir avslegen som navneval. I staden skal ura heita Huldahusa.  Namnet er ført opp med skrivarforma Hullahuså i namnesamlinga som ligg på Lokalnamn.no, der det har fylgjande merknad: «Her ligg fleire større fjellstykke som har ramla ut. Det var buplass for huldra.», skriv Kartverket mellom anna.

Men i Økonomisk kartverk er staden oppført som Hollehola.

Kor eksakt huldra skal ha budd på Ombo har ikkje Øyposten klart å kartleggja. Men då Finnøy kommune i si tid skulle uttala seg om navnet ville dei ikkje ha noko meining om det sidan staden ligg på "hi sida av øya", då sannsynlegvis på Hjelmelandssida. Lokalkjente Øyposten har snakka med peikar både på Bergeland og Helgeland som aktuelle stader.

Det blir også refert til Berdines Kaltveit, som har oppgjeve namnet på staden. Men Kartverket meiner han må ha oppfatta navnet feil.

"I innsamlingskartet der staden for namnet er avmerkt, er namneforma Hollahola i det trykte kartet overstroken, noko som tyder på at informanten (Berdines Kaltveit, f. 1907) har oppfatta den namneforma som feil. Rota i ordet hulder må skrivast Huld- i samsvar med gjeldande rettskriving og det språklege opphavet til ordet", konkluderer Kartverket mellom anna.

Garden Hole ligg i nærleiken av Eidssund, men namnet har ikkje tilknyting til denne staden, slår Språkrådet fast.

 Kanskje var det her ein stad, under Bandåsen, at Huldra budde.

Publisert: