Betalingssterke tyskarar kjøper Ombo-hytter

Tyskarar har kjøpt seg inn i  hyttefeltet til Kjell Nes i Jørstadvåg på Ombo. 

-Norge har ganske liberale reglar når det gjeld salg til utledningar, seier Kjell Nes. Hytta nedanfor er kjøpt av eit ungt, tysk par.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

OMBO: Kjell Nes har hatt tyskarar i alle år som leigebuarar i hus og hytter i den idylliske Jørstadvågen på Ombo.,

Men nå har det skjedd noko nytt. Tyskarane har kjøpt seg inn i det nye hyttefeltet som han er i ferd med å utvikla i lia over Jørstadvågen.

To av dei fire tomtene som er selde, er til folk i eller nær pensjonsalder. Dei to andre er ikkje det, og ei av hyttene er kjøpt av unge folk med barn i skulealder.

Liberale reglar

-Norge har ganske liberale reglar når det gjeld salg til utlendingar, mykje meir liberalt samanlikna med til dømes Danmark. Me har selt seks tomter og ei hytte. To til ein norsk kjøpar, resten er selt til utlendingar. Dessutan har me seks tomter som me søkjer om løyve til å gjera byggjeklare i desse dagar, seier Nes til Øyposten.

Kjell Nes kjøpte området i Jørstadvågen på 80-talet, og har sidan utvikla det til utleige. Det er i første rekke tyskarar som er leigetakarar i dei 13 fritidsbustadene familien har bygd opp.

Før pandemien slo til hadde Kjell Nes 7000 gjestedøgn, men og nå gledar han seg over at tyskarane er i ferd med å venda tilbake igjen.

Fjord og fiske

-Det er i første rekke fjorden og fiskemulighetene som er trekkplasteret, men ein del av dei synes også Stavanger er ein interessant og sjarmerande by og mange har høyrt om Preikestolen, sjølvsagt.

Mange av tyskarane kjem igjen år etter år og lagar eit kjekt miljø her, og det er nokre av desse som nå har bestemt seg for å kjøpa hos meg, forklarer Kjell Nes.

Marknadsføringa av hyttene på Ombo i Tyskland skjer i stor grad etter «munn til munn» metoden.

Publisert: