Monstermaster: Dette er ei løysing Fogn kan leva med

Fogn Grendalag og Fogn Bondelag peikar på det smale eidet mellom Hålevågen og Eidsvåg som ein gunstig stad å føra den nye kraftforbindelsen over Fogn.

Den grøne stipla linja er eit av to forslag til plassering av den nye kraftlinja over Fogn. Traseen tvers over øya er Lnett sitt forslag.|Ole Klingsheim, Fogn Grendalag
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN: Fogn Grendalag og Fogn Bondelag ynskjer at den nye kraftforsyninga over øya primært blir lagt i sjøen på nordsida av øya.,

Viss dette alternativet er utelukka, peikar dei på det smale eidet melom Hålevågen og Eidsvåg. Det er eit strekke på ein knapp kilometer, kor det bør vera mulig å leggja kraftforsyninga i kabel, meiner dei to organisasjonane.

Det foreslåtte luftspennet vil gå tvers over øya i ei lengde på fire kilometer.

Øydeleggjande

-Det er mykje berggrunn på Fogn, men akkurat her, mellom  Holevågen og Eidsvåg, bør det vera mulig å grava ned ein kabel, seier Ole Klingsheim, leiar i Fogn Grendalag til Øyposten.

 Ole Klingsheim, Fogn Grendalag

Han meiner eit luftspenn over øya vil vera øydeleggjande for øylandskapet.

-Me risikerer kraftmaster som er tre gonger høgare enn dagens høgspentmaster. Det vil vera veldig skjemmande i øylandskapet, og dessutan vil den foreslåtte trassen bandleggja godt over 100 dekar direkte under mastene. I praksis vil eit mykje større areal bli ubrukeleg grunna nærleiken til kraftlinene, påpeikar leiaren i Grendalaget.

Fortrinn

Han legg til at målet er å halda folketalet på øya oppe, og helst få fleire til å flytta til.

-Då er det viktig å ta vare på dei fortrinna me har,  seier han, og legg til at øynaturen også er viktig som rekreasjonsområde for eit stort omland.

-Men kabel blir dyrare?

-Ja, men det er viktig å tenkja langsiktig og ikkje sjå utelukkande på økonomien i prosjektet. Då vil seinare generasjonar dømma oss hardt, meiner han, og legg til at grendalaget og bondelaget gjerne vil samarbeida med Lnett for å koma fram til ei løysing som alle kan leva med.

-Her finst det gode alternativ, seier Ole Klingsheim.

Publisert: