Råsterk kar frå Rennesøy nesten til topps i NM
Kjell Gunnar Lindanger (37) frå Sørbø på Rennesøy blei nummer to i styrkeløft i NM i Bergen nyleg.
- Oddbjørg Måland
RENNESØY:
Lindanger stiller i vektklassen 120+ som er den tyngste klassen.,
- Det er diverre ikkje eit vektløftarmiljø på Rennesøy, det er vel difor eg er åleine om å driva sporten. Forresten, det kom nyleg ei jente frå Mosterøy som konkurrerer i juniorklassen, det er bra, fortel Kjell Gunnar som representerer Stavanger Styrkeløftklubb.
Hobby
Han har ikkje drive med vektløfting i meir enn 8 -9 år og allereie rekt å komma så langt. Tre gonger i veka reiser han til Siddishallen og trenar samanmed likesinna. Ei treningsøkt kan fort bli fire timar!
- Du har naturleg talent?
- Det veit eg ikkje, men eg har alltid jobba hardt med fysisk arbeid, det bør jo hjelpa. Eigentleg burde eg trena fem gonger i veka, men med små ungar er det ikkje så lett å få til. Det er trass i alt berre ein hobby.
Under konkurransen i Bergen løfta Lindanger 290 kilo i knebøy, 175 kilo i benkpress og 290 kilo i markløft.
,-
Kva er ambisjonane dine?
- Å bli så god som mogleg, så enkelt. Utruleg nok er eg framleis ung i denne sporten. Ein av trenarane mine var på sitt beste som 57 åring, så eg har ennå 20 år å gjera det på, smiler han.
Mykje protein
Kjell Gunnar fortel at å eta nok protein er ein viktig del av det å vera vektløftar.
- Protein er mat for musklane, og har innverking på treninga. Rett mat er viktig for å yta maksimalt og få best mogleg effekt av strevet. Eg prøver å få i meg mengda eg treng i forhold til trening og vekt, men eg slarvar nok litt. Rein og enkel mat er det beste.
Det neste store konkurransen er NM utstyr i Skien i sommar. Etter det tek han med seg kompisane frå Stavanger Vektløftar klubb og viser klubben fram på Rennesøydagen 27.august.