200.000 kroner i straumstøtte Finnøy og Rennesøy

23 lag og organisasjonar i Finnøy og Rennesøy får til saman vel 200.000 kroner i støtte til å betala høge straumrekningar med. Støtta omfattar alt frå bedehus til båtforeningar.

Finnøy Fleirbrukshall er blant dei som får straumstøtte.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY-RENNESØY: Dei 23 som får støtte er desse:,

Sæbøvåg båtforening     8233 kroner

Bru og Sokn bedehus  5911 kroner

Finnøy Idrettslag      8712 kroner

Sjernarøy Grendahus  3406 kroner

Hodnefjell båtlag    2301 kroner

Bedehuset Bethel       5359 kroner

Ombo grendahus    3601 kroner

Finnøy Skyttarlag     3339 kroner

Jørstadvåg båtforening   440 kroner

Vikevåg bedehus     13149 kroner

Finnøy Fleirbrukshall    33032 kroner

Stiftelsen Otto-huset     3677 kroner

Bedehuset Emmaus   4761 kroner

Vikevåg båtfroening   7791 kroner

Fogn Misjonsforsamling   2643 kroner

Mastra hestesportklubb       17661 kroner

Talgje bedehus      3969 kroner

Stiftelsen Utstein Pilgrimsgard      14459 kroner

Sjernarøy eldresenter    1653 kroner

Østhusvik båtforening      4899 kroner

Utsyn Misjonssenter      50798 kroner

Gjenbruken Vikevåg     5122 kroner

Østhusvik Grendalag      9011 kroner

Støtta skal formeldt vedtakast i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog på onsdag. Totalt søkte 140 organisasjonar i Stavanger kommune om støtte, og kommunes pott er på snautt fire millionar kroner.

Tilskotet vert utrekna etter faste satser sett av Kultur- og likestillingsdepartementet på om

lag same nivå som i ordninga for hushaldninga. Søkjarane har i søknaden oppgitt kWt,forbruk for desember og januar. Forbruket for januar vert brukt som grunnlag for å rekna ut,støtte i februar og mars.

Følgjande støttesatsar er brukt for desember – mars:

Desember: 0,59 øre per kWt,Januar: 0,57 øre per kWt,Februar: 0,38 øre per kWt,Mars: 0,66 øre per kWt

For å rekna ut tilskotet vert antal kWt brukt i desember multiplisert med støttesatsen for

desember, og antal kWt brukt i januar multiplisert med støttesatsane for januar-mars.

Publisert: