Snart vil mannskapet få i oppgåve å lese av nummerskilta på alle bilane som reiser med ferja. Foto: Silje Talgø Klakegg

Billetteringa vil skje etter AutoPass-regulativet som grunnlag for billettering. Riksregulativ for ferjer har tidlegare blitt nytta. Mannskapet vil lese av skiltnummer med ein mobiltelefon.

Sannsynleg oppstart vil bli 1. april.

Fylkesdirektøren anbefaler å setje ned Finnøy- og Ryfylkesambandet med tre sonar. Dette vil gi heilårsinntekt på 15 millionar kronar, og 11 millionar kronar for 2024 dersom betaling kjem i gang innan 1. april.

Dersom dei ordinære sonene i Autopass ferjeregulativet behaldast og antal køyretøy blir som i 2019 vil det gi ei inntekt på om lag 14,5 millionar kronar i 2024, dersom billettering startar 1. april. Heilårseffekten vil vere om lag 21,8 millionar kronar.

Dette skal vurderast i samferdselsutvalet 31. januar, og så i fylkestinget i februar.

Slik kan dei nye takstane for utvalde strekningar sjå ut frå 1. april. Dette er prisen utan rabatt og med liten bil. Det er tre alternativ politikarane må velje blant. Foto: Skjermbilete frå rogfk.no
Her er ein større oversikt over takstane som gjeld i vårt område. Foto: Skjermbilete frå rogfk.no

Takstsone 7 kosta før gratis ferje 108 kroner. No vil den med det dyreste alternativet koste 82 kronar, og med dei billigste alternativa 64 kronar for fossil bil inntil 8 meter og før rabatt. Takstsone 7 er til dømes reise frå Judaberg til Helgøy.

Her er takstane frå før ferja var gratis. Ueland sa i desember til Øyposten at takstane skulle ligge på 75 prosent av gamle takstar.