12 kaiar i Finnøy og Rennesøy får innskrenka bruk
Kommunedirektøren vil stengja heilt eller delvis 12 kaiar i Finnøy og Rennesøy som er skadde av «tidens tann». Blant dei er både Judaberg og Vikevåg kai.
FINNØY-RENNESØY: Seks av kaiane ligg i Finnøy, og er desse:
• Judaberg kai
• Eidsvåg kai
• Sørvåg kai
• Sæbøvågen kai
• Jørstadvågen kai
• Tuftene kai
Resten ligg i Rennesøy kommunedel, og det er desse:
• Bru kai
• Bru kai (gamle fergekai)
• Låder kai
• Vikevåg kai 2
• Askje kai 2
• Askje kai 3
Judaberg kai har betydelege skader som påverkar både bæreevna og trafikksikkerhet. Difor blir det tilrådd at kun mindre personbilar får køyra ut på kaien.
Kaien er blitt vaska ut under fleire steinblokker, som kaien er mura opp av. Det er i tillegg utrasing og større holrom. Kommunen vil difor skilta kaien med maks akseltrykk på to tonn. Kostnaden med å reparera kaien vil vera vel tre millionar kroner.
Når det gjeld kaien i Vikevåg så er tilstanden verre der. Det er avdekka skader som medfører betydeleg reduksjon av bæreevna. Heile kaiområdet
er prega av skadene, men det framstår mest kritisk i den austlege enden.
Kommunen vil stengja kaien for kjøretøy og ikkje tillata at båtar større enn 50 fot får fortøya ved kaien.
Status for dei andre kaiane på lista blir:
Eidsvåg kai, Fogn blir stengd for kjøretøy.
Sørvåg kai, Fogn. Nordlege del skal stengjast for bruk både frå land- og sjøsida.
Sæbøvågen kai, Fogn. Den delen av kaien som står på søyler skal stengjast for kjøretøy.
Jørstadvågen kai, Ombo. Nordre del av kaien blir skilta med maks 2 tonn akseltrykk.
Tuftene kai, Ombo blir skilta med maks 1 tonn akseltrykk.
Bru kai i Rennesøy kommunedel blir skilta for maks fire tonn aksellast.
Den gamle ferjekaien på Bru blir strengd for kjøretøy og det blir ikkje lov å fortøya båtar over 50 fot.
Låder kai, Rennesøy blir stengd for kjøretøy.
Askje kai, Rennesøy blir skilta med maks akseltrykk to tonn, og det blir ikkje lov å fortøya båtar som er større enn 50 fot ved kaien.
Askje, den gamle ferjepiren, blir skilta kaien med maks akseltrykk 2 tonn.