Det seier Tina Nådland, leiar ved innbyggartorget i Vikevåg. Saman med kollega Rita Lindås på Finnøy og dessutan frivilligsentralane i begge kommunedelane, startar dei opp temakafé.

Første samling skal ta føre seg temaet «Kreftomsorg og pasientens pårørande.»

Representantar frå Kreftforeningen bli med på fyrste møte som er 16.februar på innbyggartorget i Vikevåg..

Ingen treng bidra

– Temakafeen skal vera eit sosialt treffpunkt for kreftramma, pårørande, etterlatne, frivillige, ja, alle som vil vera med å bidra til kafeen. Det skal vera ulike tema rundt kreft og det å leva med kreft. I tillegg vil det alltid vera kaffi og kake og drøs rundt bordet, og heilt uformelt.

Nådland er tydeleg på at ingen skal føla at dei må bidra på nokon som helst måte, med eigne erfaringar eller historier.

– På ingen måte. Det blir ikkje ein presentasjon- rundt- bordet ting. Uansett kva forhold ein har eller ikkje har til kreft, møta er opne for alle, og alle skal kjenna seg trygge.

Nettverksbygging

– Eg tenker det er viktig å bygga nettverk, og ein slik kafé kan vera ein ypparleg stad for akkurat det. Av erfaring veit eg at eit slikt fellesskap vil vera nyttig for mange. Å møta andre som er i same situasjon vil vera svært verdifullt. Etter til dømes eit behandlingsopphald på sjukehuset er det ikkje alltid så lett å komma heim til kvardagen åleine. Det er ingen å snakka med for alle er på jobb. Eg har sakna eit slikt tilbod, det kan vera ganske einsamt å vera sjuk, fortel Linda Finnesand Håvarstein frå Vikevåg som har vore kreftsjuk i 10 år, og som no har meldt seg som frivillig.

– Vil du bidra med eigne erfaringar?

– Ikkje fyrst og fremst. Eg er ikkje redd for å fortelja historia mi, det har eg gjort før. Men eg tenker det er vel så viktig å gjera ting i lag, ein aktivitet til dømes. Å gjera noko saman med andre utanom dei faste møtekveldane på kafeen. Det kan vera kva som helst, turar, teikne -og målekurs kva deltakarane har lyst til og klarer, fortel Linda.

Temakafeen skal arrangerast annan kvar gong i Vikevåg og på Judaberg innbyggartorg. Kor ofte er ikkje bestemt enno.

– Det er litt slik at vegen blir til mens ein går. Me håpar at mange tek turen til første kafe og fortel oss kva dei ønskjer av andre tema framover, avsluttar Tina Tina Nådland.

Kafeen er gratis, og treng ingen påmelding.