RENNESØY: Lokalpolitikarane ynskjer også dialog med sikte på å arbeida fram eit praktisk og økonomisk grunnlag for dette. Forslaget blei fremja av Jostein Eiane (krf) og blei støtta av alle parti.

Elin Schanche (h) fremja også eit forslag om at den nye kraftforbindelsen blir lagt som kabel i gang og sykkelveg langs Hanasandvegen fram til Nordbø. Alternativt sjøkabel inn til Nordbøvika.

Dei lokale politikarane på Rennesøy fjerna også ordet «fortrinnsvis» om at luftlinjer over Finnøy ikkje bør utredast.

Tor Bernhard Harestad (frp) slo fast at kabelen skal i bakken, mens Jostein Eiane meinte det ville vera eit svært dårleg alternativ med luftlinjer langs Hansandveien.

-Då vil dei som bur der få det rett i fleisen. Dessutan vil det bli veldig synleg frå sjøen, sa Eiane.

Øyposten har også motteke ei fråsegn frå bebuarar på Austbø, Eltarvåg, Rennaren & Hanasand, kor det blir slått fast at luftspenn langs Hanasandveien blir «for korttenkt» og ei «desperat» løysing. Straum med jordkabel samtidig med gang- og sykkelveg er den føretrukne løysinga.