– Frådeling vil svekke arealressursane og muligheiten for å drive differensiert, skriv Landbruksdirektoratet i eit ferskt brev:

– Landbruksdirektoratet stadfester Statsforvaltaren i Rogaland sitt vedtak og gir ikkje samtykke til deling.

Saka gjeld to private grunneigarar på Finnøy som har søkt om å dele frå kvar sin skogteig for å selje til Stavanger kommune. Kommunen har sagt at dei ønskjer å kjøpe for å utvikle turområdet Teigen. Landbruksdirektoratet seier altså nei.

Gir ikkje opp

– Me vil jobbe vidare for å få til dette, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune:

– Eitt alternativ er at me lagar ein reguleringsplan.

Han hadde trudd Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet ville lagt endå større vekt på allmentas interesser.

– Teigen har ein veldig stor verdi for finnøybuen, som friområde som fremjar trivsel og folkehelse. Teigen er vel det mest brukte turområdet på heile Finnøy, seier Ankarstrand.

Kommunalutvalet vedtok i februar i år einstemmig å gi kommunedirektøren mandat til å inngå kjøpsavtale med dei to private grunneigarane i Teigen. Kommunen har sett av 5 millionar kroner til «kjøp og utvikling av prosjekter». Ein god del av denne potten var tenkt å bli bruka på Finnøy, etter det Øyposten skjønnar.

Frustrert gardeigar

Dei to grunneigarane som vil selje er Stephan Dickinson og Bjarte Austbø. Dickinson er ikkje nådig når han blir beden om å kommentere direktoratet sitt vedtak.

Grunneigar Stephan Dickinson har stått bak initiativet om å selje privat grunn til kommunen i turområdet Teigen. Foto: Rune Nedrebø

– Dette er eit heilt håplaust vedtak gjort av nokon som sit på eit kontor langt vekk. Dei kan ikkje ha stort greie på gardsdrift, seier Dickinson:

– Allmenta har allereie laga turstiar i denne teigen og brukar området aktivt. At kommunen overtek, får me til, men nå vil det berre ta lengre tid og krevje mykje ekstraarbeid.

Dickinson eig fleire gardsteigar på Finnøy. Den kring 80 dekar store skogkrullen oppe ved Teigen ligg isolert frå dei hine. Skogen kastar lite av seg. Eit alternativ er å rydde beiteareal, men det meiner Dickinson er ei dårleg løysing, ikkje minst for alle finnøybuane som går tur.

Flybilde av turområdet Teigen. Stavanger kommune sin teig lengst sør er markert med gult. Teigen til Bjarte Austbø er markert med raudt og den til Stephan Dickinson lengst nord med fiolett. Foto: Kartverket

Teigen som Bjarte Austbø vil selje er drygt 60 dekar og ligg mellom den til Dickinson den til og kommunen.

Gunstig plassering

Kommunen meiner dei to private teigane ligg gunstig til for å vidareutvikle Teigen som friluftsområde. At kommunen kjøper arealet gir fleire fordeler, skriv kommundirektøren i saka som kommunalutvalet handsama i februar:

«Turveinettet vil da kunne utvides, eventuelt med belysning. Skogen kan utvikles og skjøttes slik at funksjon som friluftskog styrkes med økt opplevelsesverdi, bedre fremkommelighet og mer naturmangfoldet.»

Statsforvaltaren avslo delingssøknaden frå Dickinson og Austbø den 30. juni i år. Argumentet var å hindre at eigedomane tappast for ressursar. Grunneigarane klaga, men nå har altså Landbruksdirektoratet stadfesta Statsforvaltaren sitt avslag.

Kart som viser turområdet Teigen på Finnøy: