På Austlandet er det dei neste dagane sendt ut raudt farevarsel for flaum, då det kan kome 80 til 100 millimeter regn på eitt døgn i indre strøk.

Ryfylke ser ut til å kome i regnskuggen frå det kraftige uværet som kjem inn frå Aust-Europa, men litt regn blir det her òg.

Tysdag skal det regne heile dagen, og på Finnøy kan det kome til saman rundt 30 millimeter, ifølgje Yr.

Heile resten av veka skal det bli ein del gråvær og med innslag av litt regn, men noko farevarsel er ikkje sendt ut for vårt område.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no
Varsel for ekstremværet Hans. Foto: Yr.no