Fekk ikkje svar på spørsmål om farleg skuleveg

Birger Hetland frå Senterpartiet spurte Utvalg for miljø og utbygging om dei vil gjere noko for å trygge skulevegen for barna i Fåhagen.

Birger Hetland, her avbilda i lag med partikollega Lisa Breiland, engasjerar seg i trafikktryggleik på skulevegar.
Publisert:

Hetland stilte følgjende spørsmål til utvalet: «Kan Stavanger kommune ta initiativ til å trygge denne veien? Gangfelt, eventuelt i kombinasjon med fartshumper eller lignende slik at våre barn får en tryggere start og slutt på skoledagen».

Øyposten har tidlegare fortald om foreldra som fryktar for skulebarna sin tryggleik når dei skal krysse fylkesvegen ved Kiwi eller utkøyringa ved Fåhagen.

Svaret frå kommunedirektøren var lite oppløftande for dei som kjempar for å trygge kryssinga for skuleungane. Han svarar at kommunen ved fleire anledningar har diskutert tryggleiken på nemnte strekning, men at kommunen ikkje har myndigheit til å påvirke fylkeskommunen til å gjere tiltak på sin veg.

Direktøren fortel vidare at spørsmålet er sendt videre til fylkeskommunen, så no er det å vente på svar frå den kanten.

Vienna Eloise Falkeid (t.v.) og Alea Sandvik prøver å krysse fylkesvegen for å kome over til gang- og sykkelvegen. Det er i periodar mykje trafikk på staden, og då er det vanskeleg å vite kva tid det er trygt å krysse.

Kart som visar kor foreldra har bedt om tryggleikstiltak på skulevegen:

Publisert: