Liten interesse for våpenamnestiet
Så langt har ingen i Finnøy eller Rennesøy levert inn våpen til politiet i Randaberg.
- Oddbjørg Måland
Frå 1. januar blei det innført våpenamnesti. Det betyr at du kan du levera inn ulovlege eller uregistrerte skytevåpen til politiet utan å risikera straff for ulovleg våpenbesittelse.
I våpenamnestiet som varer til 1. juni kan du og få ulovlege våpen over i lovlege former.
– Eg reknar med folk flest i Finnøy og Rennesøy «soknar» til kontoret på Randaberg. Når det er sagt har Politiet i Stavanger så langt berre fått inn to våpen og fire luftvåpen.
– Er det urovekkande?
-Nei, eg er ikkje overraska. Erfaringane frå tidlegare våpenamnesti er at folk kjem rett før tida går ut, seier Kjetil Optun, seksjonssjef for forvalting ved Sørvest politidistrikt.
Han trur det er store mørketal i distriktet.
– Alle våpen skal vera registrert, alt anna er straffbart. Med eit våpenamnesti ønskjer me å få ned mørketala. Folk er gjerne ikkje klar over at våpenet dei har arva må vera registrert, difor er dette ein god måte å ordna opp på. Nytt av året er at det er innført ei panteordning på våpen. Mange sitt på ulovlege våpen utan å vita det. På grunn av ei lovendring som tredde i kraft i fjor, er fleire, spesielt halvautomatiske våpen ikkje lenger lovlege. Desse kan nå levrast inn og få pengar for i løpet av amnestiperioden.
Treng ingen forklaring
Når våpenamnestiet er slutt kan alle som blir tekne med ulovlege våpen få to års fengsel, men er forholdet grovt nok, kan straffa bli endå større.
– Strafferamma på større mengder uregistrerte våpen er på inntil seks år. Så her må alle sjekka våpena sine.
Dette er fjerde gong det er våpenamnesti i Norge.
– Siste gong var i 2017. Då kom det inn 387 uregistrerte våpen og 711 kilo ammunisjon til Sør-Vest politidistrikt. I tillegg etterregistrerte politiet 323 lovleg erverva skytevåpen.
– Det er helt uproblematisk å levar inn våpeni denne perioden?
– Det er det. Ingen skal avhøyrast og ingen treng skrifta. Dette gjer me utelukkande for å få betre kontroll på våpena, og ned mørketala, seier Kjetil Optun.