Stavanger vil gi 1000 kroner i skotpremie for kvar mink

Kommunen ville heva skotpremien for mink til 250 kroner, men politikarane gjekk samrøystes inn for å heva premien til 1000 kroner i Finnøy og Rennesøy.

Stavanger vil ha ein offensiv for å bli kvitt mink-plaga.
Publisert:

STAVANGER: Det var Frps Leif Arne Moi Nilsen som sette fram forslaget om å tredobla premien på vegne av Høyre, Venstre og Senterpartiet.

-Minken gjer stor skade, kjem han seg i land på ein holme bit han hovudet av alle fugleungar han kjem over og sugar blodet av dei. Det er verkeleg eit skadedyr, sa Moi Nilsen mellom anna under debatten i utvalet for miljø og utbygging.

Moi Nilsen håpa at ei kraftig heving av skotpremien vil føra til at mink-plaga blei borte.

-Viss det ikkje nyttar, får me heva premien endå meir, sa han.

Forslaget blei samrøystes vedteke.

Tidlegare Finnøy og Rennesøy kommunar har utbetalt 100 kroner i skotpremie for mink. Denne ordninga blei vidareført etter at dei to kommunane gjekk saman med Stavanger i 2020.

å Finnøy kan skotpremien utbetalast ved framvising av skotne dyr på Innbyggartorget på Judaberg. Skotpremien blir ikkje utbetalt kasj kontant på Innbyggartorget, men overført til jegarens konto.

Mink er ein innført art som er framand i norsk natur. Arten er eit rovdyr som fangar mykje fugl og gjer stor skade på naturleg fauna.

«Mink er en direkte trussel for vårt naturlige artsmangfold og er oppført med svært høy risiko på Nasjonal fremmedartsliste. Fjerning av mink fra viktige fuglebiotoper (naturvernområder) har gitt svært gode resultat på faunaen i mange områder, og er nå en statlig strategi», heiter det frå kommunen si side.