FINNØY: Nominasjonskomiteen i Stavanger KrF innstilte i møtet 9. juni, Henrik Halleland som ordførarkandidat for perioden 2023-2027. Samtidig er det også klart at både Anne Kristin Bruns og Marie Ljones Brekke tar attval for Stavanger KrF.

Alle tre kandidatane har brei støtte i partiet, og nominasjonskomiteen er glad for at dei har sagt ja til vidare arbeid, seier leiar av komiteen,Jostein Eiane i ei pressemelding.

Han legg til at med dette har Stavanger KrF eit godt utgangspunkt for valet. Henrik Halleland er innstilt som KrF sin ordførarkandidat ved kommunevalet i Stavanger. Han har lang politisk erfaring, mellom anna 16 år i kommunestyret i Finnøy, ordførar i Finnøy i fire år og sit nå i kommunestyret i Stavanger som gruppeleiar og kommunalråd.

-Eg er motivert for fire nye år i politikken», seier Henrik Halleland. «Eg er klar for å gå inn i ein ny valkamp for Stavanger KrF. Etter fire år med venstrefokus i Stavanger må vi ha eit nytt mål der politikken rettast meir mot sentrum, og med friskt og nytt mot er eg klar for det, legg han til. KrF har som målsetjing å bidra til endringar etter neste val. Det er mange saker som blir peika på som viktige for partiet, mellom anna: - Skapa nye arbeidsplassar. - Vekst og utvikling i heile kommunen. - Gjere Stavanger til ein god kommune for eldre. Legge til rette for at alle som ønsker det får sjukeheimsplass og nødvendig helsepleie enten dei vel å bu heime eller på institusjon.