STAVANGER: – Behovet for eit venterom var nok større enn me trudde, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Morten Nesvik i Kolumbus.

Kolumbus har hatt ein leigeavtale i bygget, men når Utopia overtek neste veke, må dei ut.

– Me jobbar med å få på plass ei midlertidig løysing, og me veit det hastar. Akkurat kva denne løysinga består i, kan eg diverre ikkje seia, men det kjem ei ordning. Kanskje blir det venterom på utsida av bygget, ingenting er sikkert, me jobbar med saka, seier Nesvik.