Åpning av dagsturhytta og jubileumsfest på same dag

Laurdag 3. september blir det offisiell opning av dagsturhytta på Fogn.

Publisert:
Det går mot ferdigstilling av dagsturhytta.

FOGN: Opninga blir på same dag som Idrettslaget på Fogn feirer 50 års jubileum.

Grendalaget legg opp til ei skikkeleg opningsmarkering, men vil ikkje røpa noko ennå. Det er mogleg å bruka hyttområdet utvendig sjølv om den ikkje er offisiell opna. Det gjenstår framleis litt jobb, spesielt utvendig før hytta er heilt ferdig og kan tas i bruk.

Det er ein eigen liten programkomité som har jobba saman med idrettslaget og kommunen med å utforma innhaldet i programmet.

Dugnadsgjeng

Elles er grendalaget i gang med å setta saman ei gruppe som skal ha tilsyn med hytta. Nokon ønskjer at nokon er innom for å sjå at ting er i orden, og som kan melda ifrå om det ikkje er. Det vil og vera litt enkelt vedlikehald.

Kjenner du deg kalla, er det berre å ta kontakt med grendalaget.