Alle kyrkjene i Finnøy skal ringa med klokkene sundag klokka 1300 i soldidaritet med Ukraina. Bilete er frå Pixabay.

FINNØY:

Invasjonen av Ukraina har sjokkert heile verda. Difor oppmodar Den norsk kyrkja menigheiter og kyrkjelege fellesskap over heile landet til å ringa med kyrkjeklokkene i sju minutt i sympati med alle dei som no kjempar for livet og flyktar frå den grusomme krigen.,

- I Finnøy skal alle kyrkjene, også dei som ikkje har gudsteneste, ringa, opplyser dagleg leiar i kyrkja i Finnøy Heidi Bø Sangedal.

Kyrkjene i Finnøy fylgjer oppmodinga i solidaritet og forbønn for det ukrainske folket.

- Det er frykteleig tragisk det som skjer i Ukraina. At kyrkjeklokkene ringer er ein synleg markering på at me står i lag med det ukrainske folket. Det vert og oppmoda til felles bøn for fred i Ukrainia kvar dag i fastetida mellom klokka 1600 og 1700 med utgangspunkt i Salme 31. Dette blir gjort av kyrkjeneover heile verda og kan gjerast åleine eller i fellesskap med andre, fortel Bø Sangedal.

For snart to veker sidan arrangerte Talgje open kyrkje for bøn og lystenning, og for fred og rettferd for folket i Ukraina.

Fungerande dagleg leiar i Rennesøy og Mosterøy menigheter, Reidun Kyllingstad seier til Øyposten at dei ikkje har moglegheit til å vera med på grunn av underbemanning i staben.