Skipper Torgeir Vik styrer ferja "Rygerfjell" med stødig hand mot kaien på Byre.|Ferja "Rygerfjell" har gitt ein ny kvardag for mange småøyar. Her er det ilandkøyring på Byre.|Ny tid på Byre. Bilotettheten på øya har gått opp.

BYRE: Då ferja «Rygerfjell» blei sett i trafikk i fjor, blei det opplevd som eit stor framskritt på mange av øyane.,

-Det er eit stort framskritt. Nå kan me ta med bilen heim i staden for å måtta parkera han på Judaberg, seier Harald Wiig Bjørn-Nielsen og Gunhild Flatebø på Byre.

Harald Wiig Bjørn-Nielsen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Sidan dei har elbil var det ekstra problematisk å ikkje kunna ta han heim for lading.

-Det har vore ei fantastisk utvikling i forbindelsen til Byre sidan me kom hit i 1981, og det bare var ein skuleskyss som trafikkerte øya pluss ein hurtigbåt tre gonger i veka, understrekar Gunhild Flatebø.

Snart ny ferje

Til sommaren skal det koma ny, elektrisk ferje i sambandet, Sjølv om Rødne si «Rygerfjell» har tent øya godt, ser dei fram til at den nye ferja kjem. Då er har også Helgøy i Årdalsfjorden åpna brua, og det er duka for nye ruter i sambandet.

-Me prøver å samordna oss Med Sør-Hidle, Brimse og Heng for å få eit best mulig tilbud, seier Harald Wiig Bjørn-Nielsen.

Eit av punkta er fortsatt fastlandsforbindelse til Fisterlandet, etter at Helgøy fell ut av rutetabellen.

-Dessutan må me reisa heim via Ryfylketunnelen og Tau måndag til fredag. Det er både lenger og ein heilt annan pris enn å om Finnøy, seier Byre-paret.

Må vera

Ferja "Rygerfjell" har gitt ein ny kvardag for mange småøyar. Her er det ilandkøyring på Byre. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

samkjørte

Dei meiner også det er viktig at dei mindre øyane i Finnøy kommunedel får ein god forbindelse til Judaberg, samstundes som Brimse må vera sikra forbindelse til Østhusvik og Heng og Sør-Hidle til Tau.

-Bare øyane er enige oss imellom, kan me oppnå mykje, seier dei, men håpar at Øyfast, fastlandsforbindelsen til Finnøy, kan koma ein gong.

-Stadig dyrare ferjer gjer at det i framtida kan svara seg å byggja Øyfast i staden, håpar dei.

Ny tid på Byre. Biltettheten på øya har gått opp. Foto: FOTO: Rune Nedrebø