Ein oversikt som er utarbeida av avdelinga for «økonomi og eierskap» i Stavanger kommune, viser at ein familie eller person som eig ein slik bustad , vil få redusert sine kommunale avgifter med 1723 kroner. Det utgjer ein redusksjon på 19,5 % når Rennesøy blir ein del av Stavanger kommune frå nyttår av.,

(Saka held fram under bilete)

Dette reknestykket er basert på avgiftsnivået er knyta til det samla avgiftsnivået på vatn, renovasjon, avløp, feiing og eigedomsskatt for 2020. Eigedomsskatten er foreløpig ikkje harmonisert i dette oppsettet, ettersom dei nye satsane for eigedomsskatt ikkje skal tre i kraft før i 2021. Dei politiske vedtaka og den administrative prosessen så langt, tyder derimot på at Rennesøy, som ikkje har eigedomsskatt i dag, kan få ein marginal auke i det samla kommunale avgiftsnivået frå 2021. Dette er det motsette av kva tilfellet er i Finnøy, som vil få ein markant nedgang i både nivået på eigedomskatt og andre kommunale avgifter, fordi avgiftsnivået i dag er betydeleg høgare enn kva tilfellet er både i Rennesøy og Stavanger.

Om ein ser på kostnader knyta til både barnehage, SFO og kulturskulen vil det bere vera marginale skilnader frå dagens nivå. Likevel vil ein småbarnsfamilie med born med opphald i SFO-en, der vedkomande born går i 1. klasse, få ein markant nedgang ettersom den nye politiske leiinga i Stavanger kommune har vedteke gratis SFO for 1. klassingar. For full oversikt sjå oppsett i tabell