-Dersom innhaldet i vedtaket frå kommunestyret er rett, slik eg tolkar det, så kjem Grieg Seafood AS til å kjøpa den mykje omtala legebustadtomta, seier regiondirektør Alexander Knudsen i Grieg Seafood AS til Øyposten.

Dermed vil det store oppdrettselskapet som omsette for over ein milliard kroner i 2018, få lagt sin hovudadministrasjon til Judaberg og Finnøy. Saka har vekt ein del debatt i lokalsamfunnet, ettersom fleire tolka det som om den attraktive sentrumstomta som kommunen i dag eig, nærmast skulle bli gitt bort. Akkurat dette avviste ordførar Halleland på det sterkaste under debatten i kommunestyret 6. mai.

Etter det Øyposten erfarer var det andre tilbydarar i andre kommunar der Grieg i dag er lokalisert, som var viljug til å stilla gratis tomt til disposisjon om dei valte å etablera seg der.

,Eit samla kommunestyret vedtok deretter at kommunen skulle tilby tomta til ein pris av 2,8 millionar kroner, og at "

ein tek bort punktet som handlar om vilkår om arbeidsplassar og leige av kontorlokale. Kommunen tek atterhald om at Grieg Seafood tek sin del av refusjonsavtale".

Ved å få all overvakingsinformasjon sendt til ein slik operasjonssentral i form av bilete, video og miljødata som straum, vind og oksygen, i tillegg til logging av både eigne og andre sine båtar rundt lokalitetane, vil ein til ei kvar tid, døgnet rundt ha oversikt over dei ulike oppdrettsanlegga. Men ein vil også kunne vurdera tryggleiken for dei tilsette som er ute på sjølokalitetane, sidan operasjonssentralen skal vera bemanna døgnet rundt. Målet er å samla den viktigaste kompetansen i bedrifta under eitt og same tak, heiter det i grunngjevinga for kjøpet.

Også dei andre store aktørane i oppdrettsbransjen i Norge gjennomfører no ei slik omstrukturering og endring i verksemda si, får Øyposten opplyst. Grieg Seafood som har ein stor del av verksemda si innanfor Finnøy og Rennesøy sine noverande kommunegrenser, har altså valt å lokalisera denne administrasjons- og overvakingssentralen til Judaberg sentrum på Finnøy. På sikt kan det gi opp mot 30 arbeidsplassar, meiner selskapet.