Foto:Jan Sigve Eike,

Heimelaget leia 2-0 ved pause, og Finnøy måtte i tillegg spela resten av kampen med berre 10 mann.Det etter at Torjus Halsne (bilete)fekk raudt kort i det 21.min.Men alt etter 8.minuttars spel tok Kvitsøy leiinga, og like før pause fekk laget straffe og auka til 2-0.

Finnøy kom meir med etter kvilen, og i det 51. Min reduserte innbyttar Marthon Østebøvik til 2-1.Men dette var dagen då Kvitsøy endelig skulle få sin første heimesiger i haustsesongen.For heimelaget slo raskt tilbake og putta to til ,før Finnøy reduserte til 2-4 ved reservekeeper Aksel Reilstad på straffe.Reilstad vokta Finnøy sitt mål for anledningen.Ein flott gest til den trufaste 35-åringen,som ikkje har delteke noko særleg i den organiserte fotballen i Finnøy før han passerte dei 30..

Dermed ligg framleis Finnøy 3.sist i si pulje i 5. divisjon med sine 20 poeng,

før sesongen vert avslutta heime mot Madla 2 på lørdag.Då er også hovudmålsetjinga om å halda seg i divisjonen nådd med solid margin.