-Eg trudde i det minste at våre to lokale Sp- og Ap-representantar som tilhøyrer  fleirtalskoalisjonen i det nye kommunestyret i Stavanger hadde informert sine eigne partitopper om dette.Ei sak som verkeleg har stått på den lokalpolitiske agendaen i Finnøy dei siste vekene, og som seinast var oppe til behandling i det siste formannskapsmøte no på torsdag.,

-Må fylgje Rennesøy

-Eg håpar og trur at dette er eit resultat av den heilt nye politiske kvardagen som me som politikarar frå Finnøy og Rennesøy no opplever.Skal me ha nokre moglegheiter for å nå gjennom med våre viktige lokalpolitiske saker, så må me  både stå saman og snakke saman og la partipolitisk tilhøyre vera underordna.I alle høve så langt inn i prosessane til at det kjem ei endeleg avgjerd og prioritering.Det er slik eg tenkjer at spesielt kommunedelsutvala bør jobba, understrekar Halleland .

Etter at formannskapet i Rennesøy gjorde sitt vedtak om å be fylket og den nye kommunen ta eit større ansvar for finansieringa av gang og sykkelvegen, utan å ta pengar frå Finnfast-bommen, håpar han politikarane i det siste kommunestyremøte den 9.desember gjer eit likelydane vedtak.-Eg har alt fått signal om at Venstre og Høgre vil gå for eit slikt forslag, avsluttar Halleland