Nils Petter Flesjå er blant dei 18 som har søkt jobben som klutursjef i Strand. ||Olaug Høgetveit frå Finnøy er nummer 4 på SV si liste og kan komme inn i det nye kommunestyret.

I VG si siste måling for kommunevalet i Stavanger er det jamt mellom Høgre og Arbeiderpartiet, Bompengepartiet gjekk kraftig tilbake, medan Frp ser ut til å ha starta ein sterk innspurt.,

Slik ville mandatene blitt fordelt om meiningsmåling hadde vore val:

Rødt: 3

SV: 4

Arbeiderpartiet: 16

Senterpartiet: 3

MDG: 4

FNB: 6

KrF: 3

Venstre: 4

Høyre: 16

Frp: 8

Samstundes kan det sjå ut som om dei to småkommunane vil ta godt for seg av dei 67 representantane i det nye kommunestyret. «Øy-laget» - basert på denne målinga – ville hatt 12 representantar, og eit par som også har ein sjanse. Slik ville laget sett ut, med listeplassering i parantes:

Rødt:

Snorre Solheim Sokn, Rennesøy (3),

SV:

Olaug Høgetveit, Finnøy (4),

Arbeiderpartiet:

Sølvi Ona Gjul, Rennesøy (3), Ottar Sandanger, Finnøy (8),

Senterpartiet:

Dagny Sunnanå Hausken, Rennesøy (1) og Birger Hetland, Finnøy (3). Her ligg Halvard Bøe frå Finnøy på 4.plassen.,

Venstre:

Ann Elin Piel, Rennesøy (4),

Fremskrittspartiet:

Tor Bernhard Harestad (3). Jørn Kyle Finnesand er her nummer 9.,

Høyre:

Nils Petter Flesjå, Finnøy (5), Frank-Arild Normanseth, Rennesøy (6), Linda Nilsen Ask (10),

KrF:

Henrik Halleland, Finnøy (1),

I så fall ville det vore 12 politikarar frå Finnøy og Rennesøy, det vil seie 18 prosent av de 67 representantane.