Ei av kanonane på det tyske fortet på Vignes etter krigen. Dei to på biletet er Harald Ruud (t.v.) og Rasmus Sevheim. (Utlånt med tillatelse frå Aslaug Ruud)

Av Andreas Skartveit,

FINNØY: Dei fleste lokalsamfunn lever sitt stillferdige liv, generasjon etter generasjon, tiår etter tiår. Å endre etablerte lokalsamfunn, politisk, teknologisk og kulturelt, kan ta lang tid.

Her har historia god tid.

Men av og til kjem den store verda farande og  endrar alt.

Og då har historia det travelt.

Og då legg ho etter seg ruinar av det som var, lokalsamfunn som ikkje overlevde møtet med den store verda. Berre minna er att, og gravande arkeologar.

Nokre lokalsamfunn reiser seg att, som Telavåg. Andre blir berre borte.

Den store verda fløymde inn over heimeøya mi, Finnøy, sommaren 1940. Den tyske okkupasjonsmakta bygde ei festning der, med alt som til høyrer, kanonar, fjellholer, brakker og soldatar. Ein bonde måtte gje frå seg garden sin.

Dette måtte lokalsamfunnet finne seg i og handtere så godt det let seg gjere.

Freden kom

Så var krigen slutt, og den store verda kom til Finnøy med eit anna mannskap. Engelske offiserar, med stramme uniformer og fine hovudplagg kom med ein engelsk jagar til øya for å overta festninga.

Og dette vesle lokalsamfunnet måtte handtere denne nye store verda som hadde lagt til kai ved handelslaget.

Bygda vart stasa opp, med store mengder bjørkelauv og flagg. Det var vår og fred.

Men korleis skulle dei fine gjestene få mat? Det fanst ikkje kaféar og hotell på Finnøy. Det vart vedteke at dei skulle ete middag heime hos oss. Hovudargumentet for det var at far hadde vore fire år i Amerika og kunne engelsk.

Så kom dei fine gjestene, i all sin stas, med stjerner, band og vinklar. Mor og moster, som var flinke med mat, hadde gjort sitt beste.

Men far fekk ikkje fram eit einaste engelsk ord. Alt var gløymt.

Men maten smaka og vart sett pris på.

Nokre ungdommar, som hadde vore til sjøs, tok på seg å lære oss borna litt engelsk til besøket. Dette var før engelsken kom inn i grunnskulen.

Vi lærte to setningar:

Ai laik not te germans, og

Føkk is te best.

Det gjekk vi borna då og sa til dei engelske offiserane. Eg var åtte år gammal.

Vi fekk glade smil tilbake. Og godt kvitt brød.

Engelskmennene drog

Så var det over, og engelskmennene drog sin veg, med minnet om ein velsmakande og språklaus middag, og nokre glade born med underlege engelskkunnskapar.

Det tok nokre månader før den store verda kunne forlate Finnøy for godt. Polske krigsfangar hadde lagt landminer rundt festninga. Ein av dei vart drepen i arbeidet.

No måtte tyskarane grave minene opp før dei fekk reise. Og ein av dei vart drepen i dét arbeidet.

Etter kvart kom kvardagen tilbake.

For dei vaksne vart okkupasjonen ei rekkje såre minne, om tvang, dilemma, konfliktar og svik, og med vonde oppgjer i etterkant.

For oss borna vart flåtebesøket frå den store verda eit festleg høgdepunkt.

For den store verda sjølv var nok vitjingane på Finnøy  banale og trivielle bagatellar, blant uendeleg  mange, einast verdt eit innslag i lokalhistoria.

Bilettekst

Kanon etter den tyske okkupasjon. Dei to karane er frå venstre: Harald Ruud, Rasmus Sevheim. Eigar av biltetet er Aslaug Ruud.