Karl Johan Stigum Lamberg.

RENNESØY:

Lamberg budde dei siste åra i Rosendal i Kvinnherad, og blei nesten 91 år gamal. Han var fødd i Bergen og var ferdig utdanna ved Norges Veterinærhøgskole i 1958. Same året, som heilt fersk og nyutdanna, blei han tilsett som kommuneveterinær i Sjernarøy og Finnøy.,

Han og kona Grete kom til å bu heile 56 år i Ryfylke. I 1962 flytta han med familien til Rennesøy og blei i 1963 den første distriktsveterinæren i Ytre Ryfylke. Det omfatta alle øyane i kommunane Finnøy og Rennesøy pluss Kvitsøy kommune.

Jobben som veterinær i eit så stort distrikt var til tider ein knallhard jobb som gjekk på helsa laus.  Han var åleine i heile distriktet mesteparten av tida, og hadde omtrent aldri fri.  Karl Johan Lamberg var heldigvis ein allsidig mann og hadde mange interesser som gjorde at han fekk kopla av og gjort mye godt for lokalmiljøet. Han var engasjert og interessert i alt frå historie, politikk og fagforeningsarbeid til folke- og dyrehelse og kultur- og kulturarbeid på mange plan.

Han var med og starta opp igjen Rennesøy musikkkorps i 1963, og var dirrigent og musikalsk leiar der til 1967.

Lamberg var også ein skrivefør mann, og skreiv mellom anna dikt, prologar og visetekstar. Fleire av tekstane blei tonesett av musikaren Tor Flaa, og kom med i visesamlingar og blei brukt i radio.

I 1978 kom han med boka "Eirik frå Rennesøy", illustrert av rennesøykunstnaren Svein Magnus Håvarstein. I 1983 blei Karl Johan Lamberg tildelt Rennesøy kommune sin kulturpris.

I 2014 flytta han til frå stor hus og hage på Vikevåg til Rosendal, etter over 50 år på Rennesøy. Der budde yngstedottera og svigersonen frå før. Lamberg var aktiv og samfunnsengasjert heilt til det siste. Han etterlet seg kona Grete, tre barn,  åtte barnebarn og to oldebarn.

Bilettekst: Karl Johan Stigum Lamberg var i mange år veterinær i øyane.