Eit regjeringsoppnevnt utval, under leiinga av tidlegare Høgre-statsråd Victor Normann, vil styrka disirikta ved å gjera ferjene gratis og flytta offentlege arbeidsplassar ut av byane. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY: Den tidlegare rektoren ved Handelshøgskulen i Bergen presentert fredag utvalet si utgreiing om konsekvensane av den demografiske utviklinga her i landet. Ei utvikling som også med bakgrunn i SSB si siste befolkningsframskriving viser at befolkninga i distrikta stadig vil bli eldre, og at det er dei store byregionane , særleg representert ved Trondheim, Oslo og Bergen som tiltrekkjer seg ungdom og barnefamiliar. -M

e kan ikkje gjera distrikta om til gamlehjem i naturskjønne omgivelser. Den demografiske utviklingen i landet vårt tilsier at dagens distriktspolitikk må stilles på hode. Vi må gjøre det attraktivt for ungdom i byene å flytte ut på landet,

uttalar Victor Nordman. Han kjem mellom anna med forslag til fylgjande tiltak for å snu utviklinga:,-

Forsøk med gratis barnehage og SFO for å øke familieetablering i og tilflytting til distriktskommune.,- Forsøk med begrenset førerkort for 16-åringer for å gjøre ungdom i distriktene mer mobile.,-Forsøk med skattefritak for å stimulere markedet for utleieboliger i distriktene.,- Forsøk med flere desentraliserte enheter i statlige virksomheter (Statens hus) i de regionale sentra for å øke den statlige sysselsettingen i distriktene.

I tillegg meiner utvalet at fylgjande tiltak bør greiast ut nasjonalt:

-Utvide ordningen med nedskriving av studielån til å gjelde alle distriktskommuner,- Vurdere gratis ferger i distriktet,- Større satsing på kommunale- og fylkeskommunale veier,- Pålegge universiteter og høyskoler å tilby desentralisert utdanning,- Tiltak for å øke verdien på andrehåndsomsatte boliger i distriktet,

- Husbanken skal få større ansvar for et variert boligtilbud i distriktet.

Må vera hovudstad for noko

Den tidlegare arbeids- og administrasjonsministern i Bondevik II regjeringa meiner også at det tidlegare befolkningsoverskotet i distrikta har vore grunnleggjande for framveksten av byane.

-Utan velfungerande distriktskommunar er det berre aukande innvandring frå utlandet som kan sikra at byane ikkje byrjar å vakla.,Hans største bekymring er difor at den demografiske utviklinga i landet vil eskalera konflikten mellom byane og distrikta.

-Oslo er tent med å vera hovudstad for noko, og distrikta er tent med at hovudstaden vår fungerar godt, seier Nordmann i eit oppslag i avisa Nationen.

Han meiner også at utfordringane i distrikta ikkje er initiert av byane, men at det er ein generell global trend der ungdomen prioriterer å velja urbane livsformer som byane kan tilby, framfor distriktslivet. Løysinga ligg difor å gjera landlege omgivelsar meir interessant for byungdom og ungdom generelt.

Den tidlegare professoren i samfunnsøkonomi meiner at det ikkje finns grunnlag for å seia at det er meir lønsamt å samla befolkning i byar, framfor å sikra spreidd busetnad.

,-

Skal  vi regne på samfunnsøkonomisk lønnsomhet må vi regne på alt og ha alt med. Jeg tror da at vi vil finne at vår norske modell er mer lønnsom enn en modell der alle bor i byer,

avsluttar den tidlegare Høgre-statsråden.