Det er gode sjansar for å få sjå nyttårsrakettane i morgon. (Foto: Geir Landa)

FINNØY:

Det blir ikkje så aller verst vêr i Ryfylke-området nyttårsaftan. Dagen startar med litt skyer og enkelte regnbyger. Når det dreg seg mot kveld blir det opplett, lite vind og høgt skydekke som ikkje vil vera i vegen for fyrverkeriet. Temperaturen blir omtrent som dei siste dagane, rundt 3- 4 gradet, seier statsmeteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk institutt til Øyposten.,

Fredag og laurdag, 1. og 2.nyttårs dag blir det mykje av det same vêret. På sundagen aukar vinden på til liten kuling ifrå søraust, men til gjengjeld er det god sjanse for å få sjå sola.