Kyrkja i Jørstadvåg har fleire ledige plassar julaftan. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY/RENNESØY:

-Me har fortsatt ledig i alle kyrkjene i kommunedelen, seier Heidi Bø Sangedal på kyrkjekontoret i Finnøy til Øyposten.,

Ho oppfordrar folk til å sjekka nettsida til kyrkja for å sjå om det er ledig. Men per nå er det plass til fleire i alle dei fem kyrkjene pluss bedehuset på Halsnøy.

-Det er ledig på Fogn og Sjernarøy til julegudstenesta halv fire, og i Hesby klokka 13 er det fleire ledige plassar. På Halsnøy begynner det å bli fullt, men det er fortsatt ledig, og det same gjeld gudstenesta klokka 13 i Talgje kyrkje. I Jørstadvåg kyrkje er det også fleire ledige plassar, seier Heidi Bø Sangedal.

I Rennesøy er det ledige plassar i Hausken kyrkje, men her må folk melda seg på i løpet av dagen. Julegudstenetsa her blir elles sendt direkte på nett på rennesøykyrkja si facebook-side.