Biskop Anne Lise Ådnøy.

Sauene og kyrne i stallen er med på å gje varme til den heilage familien.,

På liknande måte har kunstnarar opp gjennom tidene fargelagt bibelforteljinga ut frå si tid og sitt miljø.

Kva betyr det for trua vår på Jesus at vi bur i Rogaland? Korleis blir vår oppleving av Jesus farga av at vi har levd i eit år med pandemi? Ser vi tydelegare enn før at vi treng Guds hjelp?

Det at Gud vart menneske betyr at trua på Guds son må bli farga av dei

vi er, til ei kvar tid. I misjonsarbeid vert dette kalla kontekstualisering.

Konteksten påverkar førestillingane våre, også det vi trur på. Gud tar sjansen på å komma oss så nær at vi blir ein del av forteljinga. Vi blir «Guds barn» gjennom ord og sakrament. Når forteljinga om Jesu fødsel rører og skaper tru kan vi møta dagane og utfordringane vi står i meir tillitsfullt, med større mot. Neste gong du syng om Betlehem kan du sjå for deg den nyfødde Frelsaren akkurat der du bur, saman med deg og folka dine. Gledeleg jul, midt i alt!

«Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den.» (1. Joh 4,16)

Anne Lise Ådnøy