STAVANGER:

Saka skal opp til ny behandling i kommunen i utvalet for by- og samfunnsplanlegging, etter at ein nabo og hytteeigar, har påklaga vedtaket som blei gjort i same utvalet tidlegare i haust. Her gjekk politikarane samrøystes inn for at naustet må få stå, av hensyn til bruken og skjøtselen av øyane rundt.,

Jan Bokn argumenterer med at han treng naustet i samband med sauehaldet på garden, og beitinga av landskapet på øyane rundt Bokn. Dette la også politikarane i Stavanger vekt på.

"Dette vedtaket er no påklaga av nabo på eigedom 182/11, Rune C. Johnsen.

Eit avgjerande spørsmål i saka er om bruken av naustet inngår i omgrepet stadbunden næring, og dermed oppført i samsvar med LNF-formålet i kommuneplanen. Kommunen ved UBS (utval for by- og samfunnsplanlegging) har valt å gjesamtykkje til naustet, med dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet frå sjø, og utan dispensasjon frå LNF-formålet.

I denne saka har Kommunedirektøren lagt avgjerande vekt på kommunens vurdering og konklusjon ved førre klagebehandling av same sak. Det blei i den saka bestemt at naustet inngår i stadbunden næring.

Vår anbefaling: Ein kan ikkje sjå at klagen inneheldt nye avgjerande moment som ikkje var kjent ved førre behandling. Kommunedirektøren anbefaler på dette grunnlag at ein ikkje tar klagen til følgje", skriv Vareide mellom anna.