Aggressivt måkepar på Judaberg

Eit måkepar i sentrum av Judaberg forsvarer avkommet sitt med nebb og klør og måkeskit for tida.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Måkemor held eit vaktsamt blikk, mens det vesle nøstet til høgre for grastustene på taket kravlar seg i sikkerhet.|Måkemor held eit vaktsamt blikk, mens det vesle nøstet til venstre kravlar seg i dekning bak grastustene på taket.|Snart i trygghet på taket påp dette huset i sentrum av Judaberg.

FINNØY:

Måkeparet, som held til på taket til eit av dei gamle husa i den vesle gatestubben på Judaberg, nøler ikkje med å gå til angrep. Eit blikk opp på hustaket forklarer den aggressive åtferda. Der strevar eit lite nøste av ein måke-unge med å koma seg i sikkerhet bak nokre grastuster som veks på taket. Måkeparet har funne det for godt å stifta familie på taket av huset, og ser ikkje med blide auger på forbipasserande på to føter, heller ikkje dei utan vengjer.,

Herved er folk advart; sjå opp for måkeangrep.

Snart i trygghet på taket på dette huset i sentrum av Judaberg.