Vikevåg sentrum. Det nye kommunehuset er planlagt framfor Kulturhuset midt på biletet.

Bygginga av det nye kommunedel-senteret er nevnt i kommunen sitt budsjett, men det er ikkje sett av pengar til det før neste år. Då vil prosjektet i tillegg måtta kjempa om pengane mot andre byggeplanar i kommunen.,

Men nå har kommunen spelt inn kommunedel-senteret som eit av fleire prosjekt i Rennesøy på lista over "motkonjunktur-tiltak", som raskt kan koma i gang og gi sysselsetting. Totalt har kommunen foreslått overfor Stortinget at det skal brukast 100 millionar kroner på oppussing- og rehabilitering i Rennesøy- og Finnøy kommunedel.

Ifølge eiendomssjef Rune Kommedal i Stavanger kommune er det likevel eit stykke fram til prosjektet kan realiserast.

- Men får me pengar frå staten kan me begynna prosjekteringa av bygget, opplyser Kommedal til Øyposten.

Bygget er planlagt på kaifronten i Vikevåg, og vil mellom anna innebera at bygget som husar Misjonssambandet sin gjenbruks-butikk skal rivast. Kva som vil koma i nybygget er foreløpig ikkje klart, men Innbyggartorget som midelrtidig er plassert i det gamle kommunehuset, er høgaktuelt.

Etter vat Stortinget har tatt stilling til søknaden frå Stavanger om motkonjunktur-pengar, vil det bli opp til politikarane å prioritera mellom dei ulike prosjekta på lista.