Tommy Ditløvsen ved Tommys kjøkken på Bru har gjort ein formidabel innstas med å avgrensa matsvinn. Foto; Arkiv

FINNØY:

Aller mest mat har Tommys kjøkken på Bru redda.,

Appen knyter butikkane/restaurantar som har mat til overs saman med brukarane av appen.

I løpet av 2021 berga Tommys Kjøkken mest 800 måltid med overskotsmat.

- Nokre av matreddarane våre er ofte innom, medan andre kjem sporadisk. Maten blir bestilt gjennom appen så me veit ikkje kven som kjøper, men det hender me kjenner igjen enkelte ansikt, fortel Tommy Ditløvsen ved Tommys Kjøkken.

God klimapolitikk

Kvar sundag etter buffeen sel restauranten maten som er igjen. For 129 kroner kan alle som har lasta ned appen bestilla seg ein solid ein tre-retters middag og henta den mellom kokka 1730 og 1830. Det er først til mølla-prinsippet som gjeld.

- Restauranten tener ingenting på denne ordninga, men det er heller ikkje målet. Det viktigaste for oss er å vera med å bidra positivt til å redusera matsvinnet. Sist sundag som var fyrste gong dette året, forsvann  alle 20 matpakkane, fortel Ditløvsen.

…. Og samfunnsøkonomi

Maten som blei redda i fjor har spart miljøet tilsvarande 5500 tonn CO2-ekvivalentar, eller 2200 tonn matavfall dersom den same maten blei kasta. Den økonomiske verdien av alle varene som blei redda i fjor er rundt 300 millionar kroner.

I butikkane får du ein forundringspose med forskjellige varer som er til overs eller i ferd med å gå ut på dato den aktuelle dagen for 39 kroner. Det kan til dømes vera brød, bakarvarer, kjøtpålegg, frukt og grønsaker. Innhaldet i posen skal tilsvara minimum 120 kroner, tre gonger meir enn prisen for innhaldet i posen.

- Ofte blir det meir varer i forundringsposen enn det som tilsvarer 120 kroner. Det kjem an på kor mykje varer me har som må ut. Uansett er dette ein vinn-vinn situasjon som me kjem til å fortsetta med, fortel butikkleiar ved Joker Eriksholmen Kine Aarthun. Ho selde 50 forundringspakkar sidan butikken introduserte ordninga i fjor haust.

Hårete mål

Joker sin ambisjon på landsbasis er å redusera matsvinnet med 70 prosent innan 2025, der eit av tiltaka for å nå målet er nettopp gjennom appen Too Good To Go.

Dette er butikkane i Finnøy og Rennesøy som er med i ordninga, og så mange forundringspakkar selde dei gjennom appen:

Joker Fogn: 52

Joker Eriksholmen: 50

Joker Skartveit: 26

Joker Helgøysund: 7

Tommys kjøkken: 771

Joker Ombo er ikkje med ordninga og det er heller ikkje KIWI på Finnøy eller Coop butikkane i Rennesøy eller Finnøy.

Norske butikkar og forbrukarar redda 2,2 millionar posar med overskotsvarer gjennom Too Good To Go i 2021 – ein auke på mest 50 prosent samanlikna med året før.

– Det er flott å sjå at stadig fleire blir opptekne av matberging slik at me unngår å kasta fullt brukbare, fine varer, seier dagleg leiar i To good to go, Ann-Kristin Raknes Pfründer i ei pressemelding.

Til samanlikning blei det selt 1,5 millionar forundringsposar med overskotsmat gjennom Too Good To Go i 2020, 1,3 millionar i 2019, 840.000 i 2018 og 413.000 i 2017.

Appen har i dag 1,6 millionar brukarar i Norge, og talet auka med 360.000 i fjor.