Mulig avvikling av Hesby barnehage: – Ikkje ein ønska situasjon

At Hesby barnehage muligens skal leggas ned, var ein venta, men trist beskjed, meiner virksomheitsleiar Nils Petter Flesjå.

Nils Petter Flesjå er virksomheitsleiar for barnehagane på Finnøy.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Tirsdag denne veka blei det klart at kommunedirektøren føreslår at Hesby barnehage avvikles i august neste år.,

– Det er alltid kjedelig når ein barnehage må leggas ned. Det er ikkje ein ønska situasjon. Me ville svært gjerne ha drifta den vidare, men det må vera nok ungar i barnehagen for at ein kan forsvara det å fortsatt halde det ope, seier Nils Petter Flesjå, som er virksomheitsleiar for barnehagane på Finnøy.

Låge søkartal

Hesby barnehage er tenkt avvikla på grunn av låge søkartal, samt ledig kapasitet i andre barnehagar på Finnøy. Per i dag har barnehagen ni barn, men kapasitet til 15.

Nyheiten om forslaget er foreløpig fersk, men det har allereie vore diskutert innad.

– Me hadde sak i SU, og informerte om at noko slik kunne skje med barnehagen. Så det er nok ikkje eit sjokk på foreldra at det no kan bli ein realitet.

Forslaget skal behandlas i fleire utval før det blir endeleg avgjord, blant anna skal det innom oppvekst og utdanning, samt kommunestyre.

– Det er ei vurdering her som skal tas vidare. Sånn sett er det ikkje endeleg avgjord, og det er jo alltids eit lite håp til stades. Det kan hende noko med at det er lange avstander, kan spela inn i debatten. Finnøy er ikkje akkurat eit bysentrum i denne kommunen.

 (Arkivfoto) Barnehagen i Hesby på Finnøy er blant dei bygga som nå ligg an til å bli nedlagt.

– Må ha tid og bil

Det er ikkje mange år sidan barnehagen blei pussa opp. Viss avviklinga blir vedteke, får barna tilbod om ny plass i ein anna barnehage frå og med august 2022.

Han trur det kan vera ei ulempe for nokre av foreldra dersom barnet deira må bytta barnehage.

– Klart nokon kjem til å miste den nærleiken dei har til barnehagen i dag. For nokre kan det innebera at dei i framtida må køyra sju til åtte kilometer, for å levera barna om morgonen, så det kan bli ei ulempe. Då må ein både ha tid og bil, seier han.

Forutan Hesby barnehage, er også Roaldsøy barnehage føreslått avvikla, opplyser Stavanger kommune på sine nettsider.

Saka skal opp til behandling 13. desember.

https://www.oyposten.no/2021/11/16/kommunedirektoren-vil-legga-ned-hesby-barnehage/

Publisert: