MF "Ombo" framme i Stavanger.||||Reidar Bjørnsen har erfaring med å ta trossa etter å ha jobba mange år på kaien i Stavanger. Her gjer han fast "Ombo".|||Skipper Helge Lunden sjekkar styringa for ferjelemmen. -Ferja har oppført seg fint heile vegen, seier han.

STAVANGER:

-Me har vore svinheldige, me fekk eit lite opphald i ruskevêret i Norsjøen, seier skipper Helge Lunden til Øyposten.,

Han synes også det er godt å ha fått både MF "Hidle" og MF "Ombo" trygt heim den lange reisa frå verftet i Tyrkia. Lunden hadde ansvaret for å føra begge ferjene den lange vegen heim til Stavanger.

-Nå kan me senka skuldrane, seier han.

Skipper Helge Lunden sjekkar styringa for ferjelemmen. -Ferja har oppført seg fint heile vegen, seier han. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Den første ferja, MF "Hidle" kom til Stavanger i september, og nå fylgjer Norled sitt andre nybygg, MF "Ombo" etter. Dei to ferjene er prikk like, opplyser Helge Lunden, og begge ferjene skal setjast inn  i Finnøy-sambandet.

Ferja "Hidle" var Lunden  med heile vegen frå Tyrkia til Stavanger, mens han fekk ein pause i julehelga frå "Ombo". Då mønstra han av på Malta og gjekk på igjen i Nederland for å ta henne den siste vegen heim.

Då vêrmeldinga varsla brukbart vêr nokre dagar, kasta MF "Ombo" loss frå Nederland søndag morgon. Kursen gjekk opp langs austkysten av England og over Nordsjøen frå Peterhead.

-Då fekk me frålandsvind langs England og vinden frå akter over Norsjøen. Hadde me seilt opp langs Danmark ville me fått vinden rett i fleisen, seier "Ombo"-skipperen.

Reidar Bjørnsen har erfaring med å ta trossa etter å ha jobba mange år på kaien i Stavanger. Her gjer han fast "Ombo".

I det store og det heile har dei vore heldige med heimturen, meiner han, for dei kunne like gjerne truffe på uvær med landligge og kraftig forsinkelsar.

-Vêret var ikkje så bra då me gjekk frå Tyrkia. Då blei me liggjande tre dagar og venta på at det skulle roa seg, og også opp langs kysten av Portugal hadde dei som var ombord då ein stri tørn, seier Helge Lunden.

Men over den frykta Biscaya-bukta og gjennom Den engelske kanal gjekk det heilt fint.

Nå skal ferja vidare til Ølen, for oppgradering før ho blir sett inn i Finnøy-sambandet. Også den turen blir Lunden med på, for dette skal vera "hans" ferje i ruta i øyriket framover.