I statsråd i dag ble Hans Vik utnevnt til politimester for Sør-Vest politidistrikt. Vik inntar med dette sin andre periode som øverste sjef for politidistriktet.

SØR-VEST POLITIDISTRIKT:

Hans Vik har vore tilsett i politiet sidan 1987, og har hatt fleire sentrale stillingar i etaten gjennom åra, blant anna som visepolitimeister og politimeister i tidlegare Rogaland politidistrikt, og konstituert statsadvokat.,

Fredag fekk han fornya tillit då han nok ein gong blei utnemnd som politimeister for Sør-Vest politidistrikt i statsråd.

,– Eg er glad og audmjuk over å ha fått fornya tillit og gler meg veldig til å ta fatt på seks nye år. Eg synest me får til mykje bra i Sør-Vest politidistrikt, og ein viktig årsak til det er flinke og engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bidra til utvikling. Eg gler meg verkelig til å jobba videre med dei tilsette for å få gje innbyggarane enno betre polititenester, seier Hans Vik, i ei pressemelding frå

Politidirektoratet.

Vik er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og har i tillegg gjennomført grunnutdanninga ved Politiskulen.

– Eg er glad for at Hans Vik nå tar fatt på ein ny periode som politimeister i Sør-Vest politidistrikt. Han har lang erfaring og god kunnskap om Sør-Vest, etaten i stort og dei utfordringar me står føre. Vik er ein reflektert mann som bidrar inn i politiets nasjonale leiargruppe på ein konstruktiv og god måte. Han er open og tydeleg i si formidling. Dette er kvaliteter eg setter pris på. Eg ser fram mot eit fortsatt godt samarbeid med Vik, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i pressemeldinga.

Stillinga som politimeister er eit såkalt åremål, som varer i seks år. Etter politiloven kan politimeistarar kun ha to slike periodar.