Koronatestane fyk ut også på Ryfylke Apotek i Vikevåg

På eitt  døgn har dei selt 60 testar, og slit med å få tak i nok.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Leiar ved Ryfylke Apotek, Linda Bjørnsdottir er tom for koronatestar.

RENNESØY

: Dei siste dagane har etterspurnaden etter sjølvtestar vore så stor at fleire apoteket er utselde.,

Det er dei høge smittetala i regionen som har ført til at fleire apotek er tomme for sjølvtestar.

- Me fekk påfyll i går, og akkurat no er det berre fire enkel-testar igjen, og dei kjem til å forsvinna fort. Utfordringa er at det er tomt på hovudlageret, så alle apoteka er i same situasjon. «Alle» vil ha sjølvtestar, unge gamle, private og bedrifter. Det har vore stort sal dei siste vekene, men det er fyrst dei siste dagne det har tatt heilt av. Me har blitt lova litt neste veke, og endå litt meir veka etter, seier leiar ved Ryfylke Apotek, Linda Bjørnsdottir.