Rygermedic på plass på Judaberg.|||-Siste skrik i utstyr, konstaterer skipper og byggeleiar for "Rygermedic", Sølve Helge Knutsen.||Anders Rødne med ei av brannpumpene som båten er utstyrt med.

FINNØY:

"Rygermedic" skal inn  i teneste frå fredag av, men alt tysdag var den på plass på Judaberg ette å ha tatt turen frå nordvestlandet til Rødne-basen på fredag.,

På Sjernarøy blei båten helsa velkommen med flagg av folk som hadde samla seg på bruene i øyane.

-Siste skrik i utstyr, konstaterer skipper og byggeleiar for "Rygermedic", Sølve Helge Knutsen.

-Det er ein topp båt på alle måtar, seier skipper Sølve Helge Knutsen til Øyposten.

-Det blir ein drøymeplass å jobba, båten er utstyrt med siste skrik av utstyr til å hjelpa seg med, seier han.

Mellom anna er det siste versjon av elektroniske sjøkart, papirkart er det slutt på, og båten har ogsåp nyaste versjon av infrarødt kamera som gjer mannskapet mulighet til å sjå omgivelsane om natta nesten som om det var dagslys. Dei fangar også opp kropssvarme, og gjer det til dømes mulig å oppdaga ein person som har ramla i sjøen.

Anders Rødne med ei av brannpumpene som båten er utstyrt med. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Båten er både lengre og breiare enn "Rygerdoktoren, og er i tillegg ein katamaran.

-Dermed går han mykje rolegare i sjøen enn "Rygerdoktoren", som var ein einskrogs båt, opplyser Knutsen.

Den nye ambulansebåten er også rigga med vannkanon for brannsløkking, som kan gje 2000 liter sjøvatn i minuttet, og båten kan dermed både ta ambulanse- og brannoppdrag.  To dieselmotorar på 1000 hestekrefter og vannjet'ar sørger for at "Rygermedic" får ein toppfart på 35 knop, mens marsjfarten er 27 knop.