Liv Sofie Helgeland og Daniel Tysdal i solveggen i tunet heime på Ombo. (Foto: Rune Nedrebø)|Garden på Nådland på Ombo.

OMBO:

-Det er Daniel, det, seier Liv Sofie Helgeland, når Øyposten kommenterer kor velstelt det er på garden på Nådland på Ombo.,Blømande hage, velstelte beite og huset, som er eldre enn nokon veit, skin kvitt som snø. Frå flaggstanga vaiar eit stort og flott norsk flagg. Anledningen for det er at frua på garden, Liv Sofie, fyller 80 år denne dagen.,Den er alt blitt feira, på Sjøberg på Rennesøy, som eit overraskingsselskap for henne. Ho trudde dei skulle besøka dottera og ana ingen ting før dei kom til Sjøberg og såg masse bunadskledde der.,-Er det konfirmasjon? undra ho, før ho drog kjensel på forsamlinga.,Dermed blei det trerettars med 18 stykk til bords og stor feiring.,

Har tilhøyrt fire kommunar

Liv Sofie Helgeland har budd storparten av livet sitt på Ombo, og synes det har vore eit bra liv.,-Det er fredeleg og godt her, seier ho til Øyposten.,Denne delen av Ombo har høyrt til ikkje mindre enn fire kommunar. Først Jelsa, så Sjernarøy, deretter Finnøy og nå til slutt Stavanger.

Garden på Nådland på Ombo. Foto: FOTO: Privat

Då ho vaks opp låg skulen rett borti hogget, på Bergeland, mens ho måtte over fjorden til Jelsa for å gå for presten. Det var før straumen kom til Ombo, den kom same hausten ho blei konfirmert, i 1955, og ein bytur var ei heil reis.

-Me sat på båten og såg på Ombo ein heil time til båten kom til Eidssund, og då var me fortsatt på Ombo. For før det hadde båten vore innom Nesheim, Aubøsund og Nord-Hidle. Slik var det å reisa til byen før i tida, skyt Daniel Tysdal inn.

Bad om vin, fekk vatn

Paret har vore sambuarar i 40 og eit halvt år, for å vera heilt presis, heilt sidan kan kom ridande over heia frå Kaltveit og spurte etter eit glas vin og tilbaud si hjelp. Han fekk bare vatn, men hjelpa tok ho takknemleg i mot.,For skjebnen ville det slik at Liv Sofie Helgeland mista den første mannen sin, Anton Helgeland, brått og uventa, då dei begge var midt i 30-åra. Dei hadde flytta frå byen for å overta garden med kyr og sauer i 1973. Men i 1979 blei livet snudd opp ned då mannen plutseleg døydde «av hjarta», bare 35 år gammal.

Åleine med gard og barn

Ho blei sitjande åleine igjen med ansvaret for tre mindreårige barn og garden. Seinare skulle ho også oppleva å mista ein son på same måten, også han i ung alder.,-Det var opprivande og vondt, eit stor sjokk, seier ho om dette.,Men Daniel Tysdal blei ei god støtte for henne. Saman har dei ei dotter, og ho kan gleda seg over sju barnebarn og to oldebarn.,Frå den vesle uteplassen i solveggen på sørsida av huset er det god utsikt til dei bratte, men plettfrie beita i lia ovanfor tunet. Her finst ikkje ein tistel, det set Daniel Tysdal si ære inn på. Og som den kraftkaren han var, har han bore ut mang ei bøtte med gødsel og spreidd tallause kilo med sjølsand med spade i dei bratte bakkane.

For bratt for traktor

,-Ein vår bar eg ut 70 gjødselsekker i bøtter, kvar sekk vog 50 kilo, og ein annan vår spreidde eg ut 70 tonn med sjølsand i bakkane her. Så det har vore dualeg mykje arbeid, seier Tysdal nøkternt.,Garden på Nådland er på heile 727 dekar, men bare 45 dekar er dyrka. Då Liv Sofie Helgeland flytta heim for å overta etter foreldra var det sju kyr på garden, men nå er det bare sau. Å driva med sju kyr blei det ingen økonomi i.,-Det blei som med ein kadl i ein bekk, det sviv rundt men det er alt, er biletet Daniel Tysdal brukar for å illustrera økonomien i den biten av gardsdrifta.,Nå er det 28 vinterfora sauer på garden, alle av rasen texel.,Det er nemleg ingen annan sauerase som held mål i hans auger, slår sambuaren fast. Villsauer til dømes, er bare som hanntikker å rekna, små og hoppar over alt, flirer Daniel Tysdal, og synes han har hatt det bra, alt arbeidet til trass, på Nådland saman med Liv Sofie Helgeland.,-Ho saftar og syltar, og er veldig flink å laga mat, velsmakande mat, som eg nok har ete litt for mykje av, seier han og klappar seg på magen, og får eit lunt smil tilbake frå sambuaren.